Nyheitsbrev

Om oss

Bak Meet and Code

Bak Meet and Code står SAP, Haus des Stiftens gGmbH og dei respektive landspartnarane i TechSoup Europe-nettverket. I 2020 vart det tyske forbundsministeriet for innanriks, bygning og samfunn (BMI) ein del av prosjektet som ein partner i ramma av det tyske EU-presidentskapet med fokus på EU-land. SAP og BMI gjer Meet and Code-initiativet mogleg gjennom økonomisk støtte og andre ressursar for ideelle organisasjonar. Haus des Stiftens gGmbH er ansvarleg for initiativet, for val av prosjekt i Tyskland, Sveits og Østerrike, i tillegg til generell administrasjon av prosjektet og koordinering av tilskot som blir gjort av dei ansvarlege partnarane i kvart land som er med i TechSoup Europe-nettverket. Partnarar i TechSoup Europe er ansvarlege for koordinering av initiativet og utvelginga av kva arrangement som for tilskot i sitt respektive land. Meet and Code er utvikla i samarbeid mellom Haus des Stiftens og SAP.

Haus des Stiftens, eit veldedig selskap i Tyskland, styrar IT-portalen Stifter-helfen i Tyskland, Sveits og Østerrike. Stifter-helfen sin IT-portal støttar ideelle organisasjonar i desse landa med donasjonar av produkt og avtalar med kjende IT-selskap i tillegg til kunnskap om moderne teknologi. I Tyskland vart portalen lansert i 2008, i Sveits i 2013 og i Østerrike i 2012.

TechSoup Europe er ein del av TechSoup Global-nettverket. Saman med 24 partnarorganisasjonar frå mange ulike sektorar som oppskalering, sivilt engasjement, sosial innovasjon og digital inkludering, hjelper dei over 400.000 ideelle organisasjonar i 48 europeiske land med å utvide kapasiteten deira. Nettverket utstyrar desse organisasjonane med IT-produkt, kunnskap og tenester slik at dei kan dra fordelar av teknologi for å fokusere på målet deira om sosial endring.

Mål

Målet til Meet and Code er å introdusere teknolgi og koding til barn og unge i alderen 8 til 24 år. Arrangementene er utforma slik at dei viser dei unge kor kjekt koding kan vere og korleis koding kan hjelpe å gjennomføre idear. Dei bør lære seg korleis teknologi fungerer og korleis IT påverkar kvardagen. Ved å utforske ei dei mange vegane inn til teknologi, digitale tema og kreativ koding, vil dei bli oppmoda til å utvikle dei digitale ferdigheitene dei treng i dag. 

Ideen

EU Code Week vart lansert i 2013 av Young Advisors, ei rådgjevande gruppe til tidligare EU-kommisjonæren for Digital Agenda, Neelie Kroes, og er støtta av EU-kommisjonen. I år skjer EU Code Week mellom 10.–25. oktober 2020.

Meet and Code promoterer vitskap og teknologi relatert til alle kontekstar av og i løpet av EU Code Week – med opp til 500€ i støtte for kvart arrangement. Arrangementene i Meet and Code skjer mellom 1. september til 31. oktober 2020. I tillegg støttar vi arrangørar og instruktørar med å samle inn og dele ressursar i Inspirasjonsbiblioteket i Meet and Code.

Målgruppe

Målgruppa for arrangementa er barn og unge mellom 8 og 24 år som blir introdusert for ei verd innan teknologi og koding.

Arrangørar

Ulike sosiale grupper, som skular, IT-profesjonelle, bedrifter og dataklubbar kan planlegge og implementere arrangement for målgruppa. Men arrangør av arrangementet må vere ein frivillig organisasjon, som ein kodeklubb eller eit foreldreutval for å motta tilskot. 

Søknadar

Arrangementidear kan berre sendast inn på nett på www.meet-and-code.org frå 01.06.2020 til 10.09.2020. Organisasjonar er velkomne til å sende inn ulike arrangementidear. Kvart arrangement blir gjennomgått av TechSoup-partnaren. I Noreg er det Lær Kidsa Koding. Dei beste ideane vil motta støtte på opp til 500 Euro.

Meir informasjon om vilkåra for deltaking finn du her.

Format på arrangement

Moglege arrangement kan vere hackathons, workshops i koding, foredrag, film-arrangement, konkurransar, kodekveldar, kurs i robotikk eller andre format.

Om du leitar etter inspirasjon eller interessante ressursar for eit arrangement, presentasjon eller workshop, gå til Meet and Code sitt Inspirasjonsbibliotek.

Land

Meet and Code-initiativet støttar digitale og kode-arrangement i følgjande land:  Belgia, Bosnia-Herzegovina, Bulgaria, Danmark, Estland, Finland, Frankrike, Irland, Italia, Kazakhstan, Kroatia, Kypros, Latvia, Litauen, Luxembourg, Malta, Nederland, Noreg, Polen, Portugal, Romania, Russland, Serbia, Slovakia, Slovenia, Spania, Storbrittania, Sveits, Sverige, Tsjekkia, Tyskland, Ukraina, Ungarn og Østerrike.

Teamet vårt

Møt medlemmar av teamet frå alle organisasjonane som står bak Meet and Code. Vi er ansvarlege for koordineringa av initiativet i Europa.

Meet and Code-teamet på Award Weekend i mars 2019. Frå venstre: Michał Szwarc, TechSoup Europe; Clemens Frede, Stifter-helfen; Claire Gillissen-Duval, SAP; Philip Träutlein, SAP; Ania Lenartowicz, TechSoup Europe; Gabriele Hartmann, SAP; Lisa Gerstner, Stifter-helfen; Dennis Messer, innofabrik; Mario Strasser, Stifter-helfen; Jerzy Nowak, TechSoup Europe.

Møt teamet i Lær Kidsa Koding. Vi gjer det enkelt for deg å søke støtte for Meet and Code i Noreg og kan hjelpe deg om du treng det i søknadsprosessen.

Photo of the Meet and Code Team Norway