Berre veldedige ideelle organisasjonar frå følgjande land er kvalifiserte til å søke om Meet and Code-tilskot: Belgia, Bosnia-Hercegovina, Bulgaria, Danmark, Estland, Finland, Frankrike, Hellas, Irland, Italia, Kasakhstan, Kroatia, Kypros, Latvia, Litauen, Luxembourg, Malta, Nederland, Noreg, Polen, Portugal, Romania, Russland, Serbia, Slovakia, Slovenia, Spania, Storbrittania, Sveits, Sverige, Tsjekkia, Tyskland, Ukraina, Ungarn og Østerrike. Alle digitalt innsendte idear på kodearrangement skal vere planlagt for gjennomføring mellom 1. september og 31. oktober 2021, og samanfallar med EUs kodeuke. Disse arrangementene bør tilpassast barn og unge i alderen 8 til 24 år, og må vere gratis for deltakarane. Meir informasjon finn du i seksjonen ‘Finansieringskriterier for å velgje innsendte prosjektidear’.
Programvareselskapet SAP, den tyske veldedighetsorganisasjonen Haus des Stiftens gGmbH og dei respektive nasjonale partnarane i TechSoup Europe-nettverket er hovudorganisasjonane bak initiativet Meet and Code.
Initiativet er finansiert av SAP. Den veldedige organisasjonen Haus des Stiftens GmbH har utvikla initiativet og er ansvarleg for å velge prosjektene som blir finansiert i Tyskland, Sveits og Østerrike, samt dei andre tilskota SAP gjer tilgjengeleg for dei andre landa (også kalla 'SAP-tilskot'). I tillegg koordinerer Haus des Stiftens gGmbH prosjekttilskoda via dei respektive nasjonale partnarane av TechSoup Europe-nettverket som er ansvarlege for dei resterande landa. Initiativet er også støtta av ei rekke sponsorar.
Organisasjonar som er interesserte i å søke for eit Meet and Code-tilskot må først registrere seg hos Meet and Code og få validert status som veldedig ideell organisasjon. Denne valideringa vil bli utført av TechSoup Europe sin nettverkspartnar i landet til organisasjonen som søker.
Autoriserte representantar frå organisasjonen må oppgi informasjon om organisasjonen og skrive inn ei detaljert skildring av arrangementsideen og den kontaktinformasjonen som trengs. Kvar organisasjon har rett til å sende inn meir enn ein idé på arrangement, så lenge det er vesentleg ulike prosjekt.
Organisasjonar kan sende inn arrangementsidear mellom 01.06.2021 og 15.09.2021. Den avgjerande faktoren som gjer det mogleg for den lokale partnaren å evaluere ideen, er dei opplysningane som er gitt og dokumentene som er sendt inn ved registreringa.
Kvar idé på arrangement blir evaluert av Haus des Stiftens GmbH eller deira partnar i TechSoup Europe-nettverket. Etter fire veker får kontaktpersonen til organisasjonen beskjed om den innsendte ideen får tilskot eller ikkje.
Dersom ein idé ikkje får tilskot, kan den lokale partnaren for TechSoup Europe, etter ønske frå den ideelle organisasjonen, dele årsaka for avslaget med den ansvarlege personen. Organisasjonen har høve til å sende inn idéen på nytt etter den er endra på. Blir den avslått på nytt, kan ein ikkje lenger sende inn samme idé.
Ved å sende inn idear godtar søkaren at kvart godkjent og sponsa arrangementsidé blir automatisk publisert på nettsida www.meet-and-code.org og synleg for alle brukarar.
Alle arrangement som har fått tilskot må avviklast mellom 1. september til 31.oktober 2021.
Kvar arrangementsidé som får godkjent tilskot mottar 500 € for at det skal gjennomførast. Haus des Stiftens gGmbH reserverer seg retten til å auke eller redusere tilskotsbeløpet i kvar enkelt arrangement.
Følgjande grunnkriterier gjeld for arrangementidéen:
Kvalifiserte søkarar: Berre ideelle organisasjonar kan sende inn idéar via landet sitt på Meet and Code-nettsida.
I tillegg til grunnkrava, gjeld følgjande for 2021:
Merk deg at finansieringa berre kan nyttast til arrangementrelaterte utgifter, det vil seie:
Haus des Stiftens gGmbH eller partneren i TechSoup Europe network bestemmer, etter eige skjønn, om tilskot etter at organisasjonen har sendt inn arrangement som oppfyller kriteriane.
Det finst ingen automatisk rett til å få forklaring for avslag. Det finst ingen juridisk rett for søkaren til å få tilskot. Det er heller ingen plikt til å utføre når finansieringsretningslinjene er oppfylte.
Følgane arrangementsidéar er ekskluderte frå å motta tilskot:
Kvar ideell organisasjon som får støtte må svare på ei rapporteringsundersøking. Undersøkinga har to spørreskjema, ei som blir utfylt før 1. septmeber og ei som skjer 30. oktober. Det finst ei undersøking for kvar organisasjon, uavhengig av talet på arrangement som organisasjonen utfører. Undersøkingsskjemaet blir sendt til epostadressa til kontaktpersonen til kvar organisasjon som får tilskot før 1. september 2021.
Undersøkinga må minst inkludere følgjande informasjon:
I tillegg til rapporteringsundersøkinga finst det ei undersøking som rettar seg mot deltakarar på arrangementet. Den ideelle organisasjonen som får tilskot blir bedt om å handtere undersøkinga før og etter arrangementet. Denne undersøkinga er frivillig.
Når ein oppgir informasjon, særleg bilete eller namn, må organisasjonar rette seg etter gjeldande lovar og og unnta Haus des Stiftens gGmbH og deira partnarar frå alle krav frå tredjepart, til dømes på grunn av krenking av opphavsrett, varemerkerettigheiter, andre industrielle eigedomsrettar eller andre rettar og for erstatning i samband med dette. Samtykkeerklæringar kan være påkrevd for å ivareta personvernrettane til dei som blir tatt bilete av (særleg når det gjeld mindreårige med underskrift fra føresatte)
Organisasjonar som får tilskot frå Sveits, Tyskland og Østerrike må gi Haus des Stiftens gGmbH stadfesting på donasjonar som er mottatt frå Meet and Code-initiativet. Organisasjonar frå andre land kan eller kan ikke bli påkrevd å sende inn eit skjema via epost til dei respektive nettverkspartnarane til TechSoup Europe i kvart land som stadfestar donasjonen deira.
Stadfesting på tilskot må bli oppgitt av den ideelle organisasjonen innan 14 dagar etter arrangementet er over. Rapporteringsundersøkinga må bli fullført innan 48 timar etter arrangementet og sendt inn av den ideelle organisasjonen som får støtte.
Prosjektpartnaren, Lær Kidsa Koding i Noreg, har rett til å bruke dei overnemde rapportane og resultata frå undersøkingane fullt ut, inkludert informasjonsmaterialet som er levert, samt informasjon om deltakere og vinnarar av prisen med tilhøyrande idéar på arrangement – som del av deira eigen rapportering. Søkaren godtar dette ved innsending av ideane og til å oppgi meir informasjon ved å delta.
For å styrke idéen til Meet and Code, må organisasjonar bruke Meet and Code-logoen i offentleg kommunikasjon relaterte til sponsa arrangementer. Korrekt bruk av logoen er forklart i stil-guiden. Bruken av logoen må bli dokumentert i epost til contact@meet-and-code.org
I tillegg oppfordrer vi stertj organisasjonar til å bruke emneknaggen til initiativet: #meetandcode #codeEU og #sap4good i kommunikasjonen i sosiale medier. Meet and Code vil vise ein vegg frå sosiale medier som lister alle postar som bruker desse emneknaggane på Meet and Code-nettsidene.
Meet and Code skjer samstundes som EU Code Week og har som mål å styrke dette initiativet over Europa. Derfor oppfordrar vi alle ideelle organisasjonar som får støtte til å også registrere arrangementene som får støtte på nettsida til EU Code Week.
Den ideelle organisasjonen som sender inn arrangementsidéen er ansvarleg for gjennomføringa av prosjektet sitt. Partnarane av initiativet, som Lær Kidsa Koding i Noreg, har ikkje ansvar for arrangementene eller gjennomføringa av dei. Partnarane i initiativet er ikke ansvarleg for skade, tap, skadar eller manglende ytelser som deltakarar, tredjepartar eller juridiske personer har påført på grunn av ein registrering eller gjennomføring av eit prosjekt. Partane i initiativet er heller ikkje ansvarleg for juridiske forpliktelsar for deltakarar, i eller på grunn av, utføringa av prosjektet, uavhengig av om forpliktingane er knytta til finansieringsressursar eller ikkje.
Partners in the initiative are not liable for damage to computers in connection with or due to participation or the downloading of material in connection with the Meet and Code initiative.
Dersom eit prosjekt ikkje blir utført, for kva som helst grunn, eller det står att eit restfond etter prosjektet er implementert, må søkaren rapportere det til Haus des Stiftens med ein gong og foreslå liknande prosjekt som kan bli utført av restfondet.
Etter Haus des Stiften sitt skjønn må eitkvert beløp på midlar som står att enten sendast tilbake til Haus des Stiftens (eller den respektive TechSoup-partnarorganisasjonen) eller bli brukt innan inneværande kalenderår i samsvar med alle gjeldande reglar og forskrifter for veldedige prosjekt som liknar på innsendt prosjekt (programmeringstema). I sistnevnte tilfelle samtykkar søkaren til å sikre og bære ansvar for at slike gjenværende midlar berre kan nyttast til veldedige formål. Dersom midlane må nyttast til liknande prosjekt, gjeld framleis søkaren si plikt til å rapportere om bruken av slike økonomiske ressursar uten unødig forseinking.