Nyheitsbrev

Vår visjon og støtte

Tenk deg ei verd der alleunge europearar har dei digitale ferdigheitene dei treng for å skape deira eiga framtid.

Meet and Code har denne visjonen og trur det kan skje dersom ulike grupper jobbar saman. 

Vi hjelper ideelle organisasjonar med å arrangere grasrot-kodearrangement som støtter samfunn i alle storleikar og gjer Europa meir digital ved å starte på eit lokalt plan. Med vårt initiativ, jobbar vi for ei global endring og jobbar innan rammeverket til EU Code Week og FNs berekraftsmål.

Meet and Code er den rette staden for unge europearar som vil ta sine første steg som digitale skaparar. Dei lærer ikkje berre koding, men også problemløysing og samarbeid.

Kvifor er digitale ferdigheiter så viktig?

9 av 10 jobbar vil snart kreve digitale ferdigheiter, i følgje “The Digital Skills Gap in Europe”-rapporten frå EU-kommisjonen i 2017. Kvar dag blir verksemder og samfunn i Europa møtt med auka digitale utfordringar. Det er derfor viktig at dei unge blir klare for å omfavne den digitale framtida. 

Enter caption here

 

 

Unge folk i Europa ønsker å gjere meir enn “lik” og “del”. Dei ønsker å styrke seg sjølve med skape med digitale verktøy. Bli med i kodeaktivitet i løpet av EU Code Week og hjelp fleire europearar til å bli digitale skaparar!

Mariya Gabriel, EU-kommisjonær for Digital økonomi og samfunn.

Digital utdanning har blitt grunnlaget unge europearar kan skape framtida si ut i frå i ei moderne verd.  Og det er avgjerande å gjere det mogleg for dei å få grunnleggjande digitale ferdigheiter. 

Korleis støttarMeet and Code utdanning innan digitale ferdigheiter?

Vårt mål er å støtte lokale ideelle organisasjonar i Europa som gir tilgang til koding og digitale ferdigheiter for den neste generasjonen av unge europearar.

Meet and Code Grants

Meet and Code har allereie støtta meir enn 2,900 arrangement for barn og unge mellom 8 og 24 år. I 2020, for fjerde gong, støttar Meet and Code veldedige organisasjonar frå 35 land i Europa og gjer det mogleg å få gratis og lik tilgang til koding og digital utdanning i Europa.

For å motta eit tilskot, må arrangementet møte følgjande grunnkrav:

  • Den innsendte ideen skal inspirere og introdusere unge folk til ei verd av teknologi og koding.
  • Arrangementet må skje mellom 1. september og 31. oktober 2020.
  • Målgruppa for arrangementet er barn og unge mellom 8 og 24 år.
  • Deltakinga for målgruppa må vere gratis.

Kvalifiserte søkarar: berre frivillige organisasjonar kan sende inn idear via Meet and Code-nettsida.

På grunn av Covid-19-pandemien måtte Meet and Code justere finansieringsstrategien. I tillegg til grunnkrava, gjeld følgjande kriterier for 2020:

  • Alle arrangementa må gjennomførast på nett.
  • Arrangementet må vere planlagt å vare i 90 minutt. Denne tidsramma kan ein gjere samanhengande eller den kan delast opp i fleire arrangement. 
  • Arrangementet må ha minst 10 deltakarar.
  • Formatet på arrangementa kan vere:
    • Eit "live"-arrangement, som til dømes eit webinar eller kodeworkshop på nett
    • Et arrangement som ikkje er "live" med obligatorisk samhandling mellom deltakarane, t.d. eit ope kurs på nett med ein "Spørsmål og svar"-del som er live.

 Med formatendring, vil vi også gi retningslinjer for kva du kan bruke tilskotet til i årets Meet and Code. Merk deg at tilskot kan berre bli gitt for arrangement som er relatert til utføringa av det, som er: 

  • Kursleiar for workshop
  • Lisensar for undervisningsvertøy på nett
  • Læringsmateriell for deltakarar, inkludert tilpassing og porto, td. bøker eller maskinvare
  • Kommunikasjon for å nå potensielle deltakarar, td. plakatar, flygeblad og markedsføring på nett
  • Profesjonell ekstern hjelp som kan hjelpe til med å få til eit arrangement på nett, td. teknisk støtte
  • Utleie av stad på grunn av td. teknisk infrastruktør

Alle kriteria er skildra i vilkår for deltaking.

Meet and Code Award

I 2020 vil vi presentere Meet and Code Award for tredje gong for å gje stas på dei beste og mest innovative ideane. Ved å sette søkelys på desse døma med beste praksis ønsker vi å oppmuntre andre til å komme opp med enda betre prosjekt.

I år leitar vi etter dei fem beste ideane i fem kategoriar: Jenter gjer IT!, Samfunn, Mangfald og Koding for planeten, i tillegg til ein publikumsfavoritt.

Les meir om prisane her.

Inspirasjonsbiblioteket til Meet and Code

Kom i gang og planlegg ditt eige innovative prosjekt! Om du treng litt inspirasjon, besøk vårt Meet and Code inspirasjonsbibliotek  og lær frå dei beste døma og finn andre gratis og tilgjengelege ressursar.

I Meet and Code-inspirasjonsbiblioteket kan du finne nyttige ressursar, presentasjonar, verktøy og lenker på eige språk eller engelsk for ulike læringsstadier, frå nybyrjar til avansert.

Gå til Inspirasjonsbibilioteket.